
Manhattan
Sett opp mot det gode manuset til Woody Allen er det vanskeleg å sette smarte ord til Manhattan. Eg bør også sjå filmen eit par gonger til viss eg vil håpe å få med meg alt av det som blei sagt. Det er ikkje reint få oppramsingar av fakta, namn og episodar som blir tatt opp her.
Detaljnivået er ein av fleire grunnar til at eg likar filmane til Woody Allen. Av andre grunnar kan eg nemna den gode stemninga. Det er både behageleg og interessant å sette seg ned med ein film av denne typen, nyte han i ro og fred. Det blir sagt at med Woody Allen, så enten elskar eller hatar du filmane hans. Og sidan eg nok høyrer til ein variant av den første kategorien, så er det vanskeleg å forhalde seg objektiv for meg i denne samanhengen.
Lucas Campos på Lumière & Companhia (lumierecompanhia.blogspot.com) legg særleg vekt på det rolege tempoet og kjensla av å leve midt i New York sitt kulturliv. Han meiner den kvardagslege rytmen og humoren gir byen ein eigen harmoni. Det utfyller den gode stemninga eg likar. Alle namna og referansane er ikkje berre fakta eg må prøve å få med meg. Dei er òg ein del av miljøet som gjer filmen behageleg å vere i.
