Manhunter er basert på boka Red Dragon av Thomas Harris, den første av bøkene hans med Hannibal Lecter.
Ein seriemordar drep barnefamiliar når det er fullmåne, og FBI har problem med å finne ei kopling. Dei hentar inn igjen ein tidlegare etterforskar, Will Graham (William Petersen), som har evne til å sette seg inn i tankegangen til drapsmenn.
Graham konsulterer blant anna med Dr. Hannibal Lecktor (Brian Cox), som i seinare bøker og filmadapsjonar fekk større roller. Lecktor er verktøyet til Graham for å igjen sette seg inn i måten seriemordarar og psykopatar tenker på.
Spenninga i filmen byggjer på to truslar: At seriemordaren skal drepe igjen, og at psyken til Graham skal bryte saman under lasten det er å gå inn i den ekstreme tankegangen.
Musikken spelar ei stor rolle for stemninga. Allereie i første speleminutt markerer han seg. Og det var nesten som at eg der og då bestemte meg for at dette var ein god film. Dette viste seg å stemme. Manhunter gir ei stor innleving, har eit godt driv, interessante karakterar og held fram den gode musikken.