Maniac Cop - Filmdagbok

Maniac Cop 1988

Året er 1988, byen er New York, og ein sprø politimann er i drapshumør. Bruce Campbell er tilbake på tv-skjermen min, igjen, og har denne gongen med seg politistyrken i hælane ettersom han er mistenkt for å vere maniac cop. Me veit sjølvsagt betre og følger han og dama han var utru med kona med, på jakta etter bevis for å kunne overtyda politiet om sanninga.

Maniac Cop er ingen storfilm, men har likevel fått to oppfølgjarar. Begge skal visstnok ikkje vere så mykje betre enn denne. Det som er greia med denne filmen er mørke scener med overgrep som ikkje kan stoppast. Ei håplaus jakt på ein gigantisk mann som teknisk sett var død, og som endå mindre burde klare å gøyme seg så godt som han gjer.