
Marco Polo: One Hundred Eyes
Marco Polo: One Hundred Eyes er opphavshistoria til karakteren Hundred Eyes i Marco Polo-serien. Dette er ein av dei mest interessante karakteren i serien, så eg gleda meg i forkant.
Denne kortfilmen på rundt ein halvtime kom på Netflix i ettertid av første sesong av serien. Han fortel historia frå mannen er munk, til han er komme i teneste hjå Kublai Khan.
30 minuttar er ei passe lengde for ei opphavshistorie som dette. Me får ein del kampscener, og elles er det høgdepunkta som blir fortalt. Det eg var mest nysgjerrig på var kvifor han blei blind, og eg er fornøgd med svaret.
Eg tykker at denne som ei einskildståande sak er betre enn serien, og gir han ei høgare rangering. Hadde eg derimot ikkje sett serien, så kan det hende dommen hadde vore meir gjennomsnittleg.
Det stramme formatet er også ein fordel for Brent Botsford på Eggplante (eggplante.com). Han meiner denne halvtimen får til eit betre samspel mellom karakterar og action enn første sesong gjorde, sjølv om tempoet stundom blir vel høgt. Det er mykje av det same eg likar. Historia held seg til det vesentlege ved ein interessant figur, og får dermed meir ut av ei kort forteljing enn serien ofte gjer av langt meir tid.
