Marco Polo: One Hundred Eyes er opphavshistoria til karakteren Hundred Eyes i Marco Polo-serien. Dette er ein av dei mest interessante karakteren i serien, så eg gleda meg i forkant.
Denne kortfilmen på rundt ein halvtime kom på Netflix i ettertid av første sesong av serien. Han fortel historia frå mannen er munk, til han er komme i teneste hjå Kublai Khan.
30 minuttar er ei passe lengde for ei opphavshistorie som dette. Me får ein del kampscener, og elles er det høgdepunkta som blir fortalt. Det eg var mest nysgjerrig på var kvifor han blei blind, og eg er fornøgd med svaret.
Eg tykkjer at denne som ei einskildståande sak er betre enn serien, og gir han ei høgare rangering. Hadde eg derimot ikkje sett serien, så kan det hende dommen hadde vore meir gjennomsnittleg.