
M*A*S*H
Eit godt eksempel på at krigen i Korea ikkje berre hadde negative sider, men har kunne danne grunnlaget for bakgrunnane til historiene i denne filmen. På lik linje, om ikkje betre enn Full Metal Jacket er dette ein av dei beste krigsfilmane eg har sett.
Sprø humor og god ironi, samt dissing så vondsinna at det er ein fryd å sjå på gjer to timar til ingenting. Og karakterar som Hawkeye (Donald Sutherland) og Trapper John (Elliott Gould) er tvers igjennom galne. Det er heller ikkje å legge skjul på at Hot Lips (Sally Kellerman) lyser opp i dei elles møkkete omgivnadane.
Det vondsinna ved humoren er nettopp det Bill Thompson på Bill’s Movie Emporium (billsmovieemporium.wordpress.com) ikkje får til å fungere. Han meiner filmen gjer dei som plagar andre til heltar, medan dei som ikkje passar inn, berre blir audmjuka. For meg er den same respektlause åtferda mykje av moroa. Det er ein tydeleg skilnad i korleis denne svarte komedien verkar, der det som gir meg energi, skaper avstand og irritasjon for han.
Filmen freista meg til å sjekke ut serien M*A*S*H, som eg aldri har følgt med på. Dessutan gir han meg trua på at det kan vere verdt å sjekke ut fleire av filmane til Robert Altman.
Eg kan også nemne at dette er ein film eg gjerne trur eg vil sjå igjen i ei ikkje så altfor fjern framtid.
