
Matilda
Matilda får ei dårleg behandling av foreldra sine, av den bortskjemde broren hennar og av rektoren på skulen hennar. Men ho blir ven med læraren sin, Miss Honey, og byrjar å ho oppdage at ho har spesielle krefter.
Historia er av Roald Dahl, og Danny DeVito har regien i filmen. Han spelar òg far til Matilda. Og han gjer ein god jobb, iallfall som skodespelar er det ikkje mykje å utsette på denne filmen.
Karakterane er for eindimensjonale, og til slutt er historia eigentleg verken så magisk eller underhaldande som ho kunne ha vore.
Dei store overdrivingane fungerer betre for Shawn Lunn på TV Lover (shawnlunn2002.blogspot.com). Han trekker særleg fram den skremmande Trunchbull og rosar både skodespelet og humoren. Eg er samd i at skodespelarane gjer mykje ut av rollene, men for meg blir ikkje dei tydelege ytterpunkta nok til å gjere karakterane interessante.
