Filmen Max Manus fortel om ein sentral person i norsk motstandsrørsle under andre verdskrig. Om livet og handlingane hans som gjorde han til ein etterlyst mann av tyskarane.
Dette er ein solid krigs- og spenningsfilm med Aksel Hennie i hovudrolla. Handlingane til Max Manus var både modige og risikable, og dette bidrar i stor grad til spenninga i filmen. Samtidig som det er nære på at Max Manus blir fanga fleire gonger.
Sjølve oppbygginga og verkemidla byr ikkje på nokon filmrevolusjon, og er heller ikkje noko som gjer at filmen stikk seg ut med tanke på ettertida. Men historia er sopass interessant, og produksjonen sopass god, at dette likevel blir ein super film.
Viss det ikkje berre er eit nasjonalistisk oppkok?