Hopp til hovedinnhold
Plakat for Maximum Risk (1996)

Maximum Risk

Film
3

Eg forventa ikkje stort av Maximum Risk då eg såg at Jean Claude Van Damme spela hovudrolla. Eg har sansen for skodespelaren og tykker at han har spela i nokre gode filmar, men også fleire dårlege.

Men eg var iallfall interessert nok i å byrje med filmen. Han har ei historie som glir sakte, men sikkert framover. Litt for rett fram og direkte, så eg tok pausar her og der før såg vidare. Det var framgang, men ikkje eit veldig engasjerande driv.

Filmen balanserer også på midten i kva han elles er. Det er skodespel midt på treet, det er ei grei historie. Filmen framstår ikkje som så lågbudsjettsfilm som eg trudde det skulle bli, men har både gode lokasjoner og mange passande miljøskifte.

Maximum Risk er i hovudsak lett underhalding. Slåstinga er aldri langt vekke, og det er ein god del skyting. Mange av scenene er med for å legge tilrette for dette, heller enn å vere nødvendige for den overordna historia.

Når eg no skriv dette så har det gått nesten ei veke sidan eg såg filmen, og mange av detaljane har allerie byrja å forsvinne. Så særpreg kan eg ikkje seie at det er for mykje av her. Men eg likte filmen likevel.

Actionen er eit større høgdepunkt for Zack Clopton på Film Thoughts (zacksfilmthoughts.blogspot.com). Han rosar slåstinga, stunta og Ringo Lam si energiske regi, men synest historia blir forvirrande. Han opplever også eit raskare driv enn eg gjorde. Me kjem dermed til ein ganske lik konklusjon via litt ulike inntrykk. Det er underhaldning å hente her, sjølv om manus og særpreg ikkje er det sterkaste.