Hopp til hovedinnhold
Plakat for McCabe & Mrs. Miller (1971)

McCabe & Mrs. Miller

Film
4

McCabe (Warren Beatty) rir inn til ein gruveby i gamle vesten. Han slår seg ned og startar ei forretningsdrift med prostituerte. Mrs. Miller (Julie Christie) kjem til byen og blir partneren hans, og forretninga går godt inntil eit større selskap vil kjøpe dei ut.

Dette er to timar kort oppsummert, men undervegs skjer det sjølvsagt ein heil del. I grunn er det avdekkinga av karakteren til McCabe, og etter kvart Mrs. Miller, som er interessant. Dei framstår først som typiske personar tatt frå ein typisk westernfilm, men utviklar seg i løpet av filmen til å bli fleirdimensjonale, der deira svake sider får følger i handlinga.

På The Last Picture Blog (thelastpictureblog.wordpress.com) blir McCabe si gradvise avkleding eit viktig brot med den vanlege westernhelten. Han verkar først trygg og handlekraftig, men møta med Mrs. Miller og dei nye motstandarane viser kor sårbar han er. Det er nettopp denne utviklinga som gjer personane interessante for meg. Dei blir meir enn typar, og svakheitene deira får verkelege følger i den dystre verda rundt dei.

Med musikk av Leonard Cohen, snø, regn, skitne gater og skitne menneske er det lite å utsette på stemninga. Eg blir fort med på notane. Historia som fortel om oppbygginga av ei forretning parallelt med at me blir kjent med McCabe og Mrs. Miller, er strukturert på ein tilfredsstillande måte. Gitt det dystre miljøet.