
Me and You and Everyone We Know
Denne filmen omhandlar kunst, barnsleg uskyldigheit og sko. Iallfall verka det slik.
I utgangspunktet er det ikkje heilt lett å slå fast den eigentlege meininga bak filmen, for han kan til tider vere ganske så spesiell. Eller nokon vil kanskje sei sær. Men han er sær på ein god måte, med fantastisk rar musikk, og mange rare personar.
Dette verka som oppskrifta på ein prisvinnar, noko det nok er. Filmen har vunne 14 prisar og fått 5 nominasjonar sist eg sjekka. Men filmen er ikkje fullstendig på jordet når det gjeld å kunne sjå han, for han har ei kjærleikshistorie som kjem tydeleg fram. Det er når det gjeld kjenslene til folk eg må sjå litt nærare.
Andrew D. Wells på A Penny in the Well (apennyinthewell.blogspot.com) meiner filmen balanserer mellom det mørke kvardagsdramaet og ein romantisk komedie der rare menneske også kan få vere glade. Han blir ikkje så sterkt påverka som venta, men set pris på originaliteten. Det er ei nyttig innfallsvinkel til det eg enno prøver å få tak i. Særpreget kan vere lett å like, samstundes som kjenslene bak det krev litt meir merksemd.
Av scener som eg kjem til å hugse filmen for, er blant anna den veldig unge Robby sine samtalar via Internett, både for det komiske, men også fordi det er veldig på kanten.
