Mean Streets - Filmdagbok

Mean Streets 1973

Omsider etter mange år med utsetjing var tida inne for meg å sjå gjennombrotfilmen til Martin Scorsese og Robert De Niro, Mean Streets.

Du skulle tru at etter å ha hatt Mean Streets på lista over filmar som skulle sjåast i mange år medførte store forventingar, men av årsaker eg ikkje lengre hugsar så har eg aldri forventa det meste av denne. Ikkje det beste utgangspunktet det heller.

Handlinga til filmen er lagt til gatene til New York, og følger nokon yngre menn og kjente i kriminelle omgivnader. Det er først og fremst ein film om dei og deira personlegdommar og situasjonar, og ei overhengande og tydeleg historie er fråverande.

Det handlar om karakterar som enten dei vil eller ikkje blir forma av sitt nærmiljø. For å kunne bli noko større i dette miljøet, må dei motvillig finne seg i å følge spelereglane. Det er altså ikkje lykkelege menneske me følger. Filmen er eit dystert og skite portrett av Little Italy på 1970-talet. Det er også styrken til filmen, at han ikkje glamoriserer eit tøft miljø, erfart og observert av Martin Scorsese.

Det er mogleg eg likevel hadde forventingar, for eg klarar ikkje heilt å tilpasse meg rytmen og den gradvise framdrifta til filmen, men kjeder meg i blant i påvente av noko meir. Mean Streets er god, men ikkje det heilt store sett i perspektiv av karrieren til Martin Scorsese til no.