Hopp til hovedinnhold
Plakat for Mei ren yu (2016)

Mei ren yu

Film
3

Filmane til Stephen Chow har i løpet av åra for meg blitt synonymt med fargerike historier og spesialeffektar. Han vågar å fortelje seriøse historier med ville overdrivingar som verkemiddel. Ei artig blanding.

Mei ren yu tar eit av dei trendy tema frå notida, miljøvern, som han fortel om ved å bruke havfruer som offer. Heldigvis er det meir interessante ting, om enn like fantasifulle, som utgjer delar av historia, og det er ei spesiell kjærleikshistorie.

Ein utbyggar truar eit havområde kor havfruene held til, og dei har bestemt seg for å drepe han. Ei ung kvinne får oppdraget, men blir undervegs forelska i mannen. Stort meir enn å seie at jobben ikkje går som planlagt treng eg vel ikkje gå inn på.

Fortrinnet til filmen er den modige bruken av spesialeffektar som ikkje nødvendigvis ser ekte ut, overdrivne karakterar, stereotypar, og tull og tøys. Minuset er at han kaster seg på ei miljøbølge og skal preike om slikt.

Miljøbodskapen blir teke betre imot av Christian Robshaw på Mr Rumsey’s Film Related Musings (mrrumsey.wordpress.com). Han meiner at overtydinga og sjarmen gjer eit enkelt bodskap verknadsfullt, og likar den teikneserieaktige komedien. Eg får også glede av dei ville overdrivingane, men er mindre begeistra for preikinga. Filmen fungerer best for meg når fantasien og tullet får ta styringa.

Engelsk tittel er The Mermaid.