
Meitantei Conan: Hitomi no naka no ansatsusha
Meitantei Conan: Hitomi no naka no ansatsusha er den fjerde filmen i ei lang rekke av filmar om barnedetektiven Conan.
Ein ukjent pistolmann er på frifot etter å ha drepe tre politimenn. Ran, som er ein kjenning av Conan, er vitne til eit forsøk på å drepe ein fjerde politimann. Men så mistar ho hugsa.
Mens alle prøver å få henne til å hugse, går Conan i gang med si etterforsking. Den primære metoden hans for dette er deduksjon. Ved å lære om dei drepne politimennene kjem han på rett spor.
Animasjonen i denne filmen er godt utført. Lite å utsette der. Historia er god, som ho ofte er med Meitantei Conan. Eit godt krimmysterium med ei lur løysing. I tillegg er det både humor og spenning her.
Bryce Campbell på Bryce’s Blog (blog.brycecampbell.me) likar særleg avslutninga og finn spenning i at politiet held korta tett til brystet. Han har nokre atterhald ved kor ofte Ran må vere den som blir redda, men anbefaler likevel filmen til både Conan-fans og dei som likar mysterium. Eg har mindre å utsette på heilskapen. Dei kjende personane, humoren og den lure løysinga gir meg det eg kjem til desse filmane for.
Både Conan og resten av karakterane er nokon fargeklattar som fungerer i film etter film. Dette er ein like god film som mange av dei andre, og gir meg lyst til å sjå fleire i framtida.
Filmen er kjent som Case Closed: Captured in Her Eyes på engelsk.
