
Meitantei Conan: Tokei-jikake no matenrou
Den første filmen med Meitantei Conan.
I Noreg kom mangaen ut mellom 2004–2008 under namnet Mesterdetektiven Conan.
Filmen er på høgde med det eg har sett av tv-serien og lese av mangaen. I det legg eg at humoren i situasjonen til Conan er på plass, og at saka han må løyse er passe innvikla og smart til å halde interessa.
Den nære koplinga til TV-serien er òg noko skribenten Chiaki framhevar på note (note.com). Omtalen skildrar filmen som ei litt meir påkosta utgåve av den vanlege animasjonsserien, og meiner nettopp dette gir mysteriet og spenninga god plass. Det passar med forventingane mine. Conan treng ikkje bli noko heilt anna berre fordi han får ein kinofilm. Ei passe innvikla sak og den kjende humoren kan vere meir enn nok.
I Meitantei Conan: Tokei-jikake no matenrou må Conan redde kjærasten frå før han blei krympa, Ran Mori, ved å finne ei rekke bomber som er plassert rundt omkring i Tokyo.
På engelsk heiter filmen Case Closed: The Time Bombed Skyscraper.
