Men of Crisis: The Harvey Wallinger Story er ein kortfilm av Woody Allen som blei laga for den amerikanske tv-kanalen PBS, men som aldri blei sendt. Ein kopi dukka opp på internett, og gjorde det mogleg for folk å endelege sjå filmen.
Dette er ein tulledokumentar om Harvey Wallinger (Woody Allen), som liksom skal vere tidlegare president Richard Nixon sin rådgjevar og nære venn. Alt er fullstendig tull, som dei mest usaklege utdraga frå arkivvideo til meiningslause svar på spørsmåla som programleiarane stiller omgangskrinsen til Harvey Wallinger og Richard Nixon.
Med sitt korte format rekk ikkje me komme så nære innpå nokon i Men of Crisis: The Harvey Wallinger Story. Til samanlikning med den seinare Woody Allen-filmen Zelig blir dette meir ein smakebit på hans arbeid med dokumentarisk stil enn noko anna, men likevel underhaldande.