Message in a Bottle - Filmdagbok

Message in a Bottle 1999

Ei kvinne på ferie i North Carolina finn ein flaskepost på stranda. Ho blir fascinert av teksten som byrjar med Dear Catherine. Vel heime i Chicago deler ho historia, og avisa ho arbeidar for endar opp med å trykke ein artikkel om brevet. Gode tilbakemeldingar sender ho ut på leit etter mannen som kan ha sendt flaskeposten.

Robin Wright spelar Theresa frå Chicago og Kevin Costner spelar Garret Blake frå ein liten landsby ved havet i North Carolina. Ho vil sjølvsagt finne han, men kva vil så skje vidare?

Message in a Bottle overraska meg litt. Etter å ha sett fleire filmadapsjonar av Nicholas Sparks-bøker, så forventa eg eit melodrama, mens Message in a Bottle er meir tragedie. Det er fine romantiske stunder i filmen, men tyngdepunktet ligg på sorg og takling av ei tung fortid. I og for seg har begge hovudkarakterane i filmen eigne problem, og deira møte betyr noko for korleis dei taklar desse.

Den største grunnen til at eg likte Message in a Bottle over gjennomsnittet godt var nettopp at filmen vågar å stikke djupt, og vågar å gå sine eigne vegar. Nettopp fordi dette er ein romantisk tragedie og ikkje eit melodrama. Eg var stort sett oppslukt frå start til slutt, og tykte også enkelte stunder var litt tunge. Sjeldan verkar film inn på meg utover å glede eller underhalda, men dette er ein sjanger eg har mindre forhold til.