Metropolitan er debutfilmen til Whit Stillman, om ei gruppe unge collegestudentar som er tilbake i New York i juleferien og bruker tida på det selskapeleg nattelivet blant upper east-siders.
Umiddelbart under opningsteksten legg Whit Stillman føringar for filmen. Ein skrifttype som liknar Windsor-typen som Woody Allen har brukt i over 40 år, og eit jazza lydspor, gir assosiasjonar til nettopp Woody Allen. Allereie før eg har sett eit einaste menneske eller høyrt ein replikk likar eg filmen.
Det som følger er på nokon måtar litt som ein Woody Allen-film, men samtidig skil han seg ut. Likskapane er i dei intellektuelle samtalane, i New York som det sentrale miljø til filmen. Men filmen handlar like mykje om å vere ungdom, usikker, utforskande og upålitelig. Me blir godt kjent med nokon av ungdommane, som gjennom filmen framstår som håpefulle eller håplause, men samtidig realistiske og aldri kunstig planta i bestemte roller.
Urban haute bourgeoisie står sentralt i filmen, og er eit uttrykk som skildrar desse unge, kapitalsterke ungdommane og deira eigen kultur. Me blir tatt med inn i verda til rike collegestudentar, og den fattigare Tom Townsend blir inngangsportalen vår, ein karakter som tilfeldig endar opp med å feire jul på sosietetsball og liknande.
Metropolitan tar opp diskusjonen om rolla og staden urban haute bourgeoisie har i samfunnet, og du bør like mykje dialog og store ord for å få mest mogleg ut av filmen. Ein snev av romanse og ungdommeleg idealisme lettar på trykket og gjer filmen meir tilgjengeleg enn dei første minuttane hintar til.