Mickey's Christmas Carol - Filmdagbok

Mickey's Christmas Carol 1983

Dette er den tredje og siste varianten av Christmas Carol av Charles Dickens eg kjem til å sjå i år, og den kortaste av dei.

I Mickey's Christmas Carol er det sjølvsagt at det er Skrue McDuck som er Ebenezer Scrooge. Han er ein gniten misantrop som ikkje likar julefeiring, og til dei grader let det gå ut over andre. Så får han besøk av ein død kompanjong, og sidan tre spøkelse, før filmen rundar av. Punktum.

Det er fleire grunnar til å like denne versjonen. Disney-figurane er livlege og humoristiske, noko som står godt til den kalde vintervinden på 1800-talet. På under halvtimen blir det ikkje plass til lange scener, men det er ingenting som manglar for å gjere dette til ei fullført historie. Tempoet er raskt, slik eg kjenner igjen Mikke og Donald frå film, og godt er det. Ei historie som er fortalt så mange gonger før, skadar det ikkje å ha ein kort versjon av.