
Mickey's Once Upon a Christmas
Mickey's Once Upon a Christmas består av tre Disney-filmar med kjente og kjære figurar.
Første film er med Donald Duck: Stuck on Christmas med Donald, Ole, Dole og Doffen. Dei opplever at julaftan startar på nytt kvar morgon dei vaknar. Ein vri på Groundhog Day med andre ord.
Langbein prøver å overvinne sin skepsis ovanfor julenissen i den andre filmen, som heter A Very Goofy Christmas.
Den tredje har Mikke og Minni i den romantiske Mickey & Minnie's Gift Of The Magi, som prøver å tvinge på oss ei vondskapsfull historie om altruisme. Grøss.
Det skal noko til før eg tar til meg nye historier med Andeby-figurane i vaksen alder merkar eg. Det er meir at eg føretrekker å lese eller sjå opp igjen det eg voks opp med. Sånn er det med Mickey's Once Upon a Christmas. Dette er nye historier, og eg merker at interessa ikkje er meir enn litt over middels.
Dan Stalcup finn meir å hente i dei nye julehistoriene på The Goods (thegoodsreviews.com). Han trekker særleg fram korleis tidssløyfa med Ole, Dole og Doffen går frå begeistring til fortviling og ei ny verdsetting av dagen. Eg blei ikkje like fenga, men det er eit godt poeng om kva den kjende oppskrifta prøver å få til. For min del er gleda ved å møte figurane likevel større når eg kjenner historia frå før.
