Mickey's Once Upon a Christmas består av tre Disney-filmar med kjente og kjære figurar.
Første film er med Donald Duck: Stuck on Christmas med Donald, Ole, Dole og Doffen. Dei opplever at julaftan startar på nytt kvar morgon dei vaknar. Ein vri på Groundhog Day med andre ord.
Langbein prøver å overvinne sin skepsis ovanfor julenissen i den andre filmen, som heter A Very Goofy Christmas.
Den tredje har Mikke og Minni i den romantiske Mickey & Minnie's Gift Of The Magi, som prøver å tvinge på oss ei vondskapsfull historie om altruisme. Grøss.
Det skal noko til før eg tar til meg nye historier med Andeby-figurane i vaksen alder merkar eg. Det er meir at eg føretrekker å lese eller sjå opp igjen det eg voks opp med. Sånn er det med Mickey's Once Upon a Christmas. Dette er nye historier, og eg merker at interessa ikkje er meir enn litt over middels.