Me får eit gjensyn med Disney-gjengen i Andeby, i Mickey's Twice Upon a Christmas. Denne gangen i 3D-animasjon.
Fem små segment utgjer i overkant med ein time snøfylt action og komedie. Me får Minni og Dolly på skøyter. Det er Ole, Dole og Doffen på Nordpolen. Langbein og sonen Max styrer på når Max tar med kjærasten heim til jul. Donald irriterer seg blå og grøn av julemaset. Og til slutt er Pluto lei seg for å ha rota med julepynten og rømmer frå Mikke.
Det er lite å utsetje på segmenta, som varierer mellom heilt greie til bra. Den store overraskinga var animasjonskvaliteten, og ein positiv såleis. Det er enkelt, men det ser skikkeleg lekkert ut. Teiknefilmstilen er godt bevart i forenkla og karikerte trekk, men detaljane i teksturen er høg, og berre småting gir eit billeg plastikkpreg.
Mickey's Twice Upon a Christmas tar ikkje plassen til dei gode gamle Disney-kortfilmane, men er eit hyggeleg nytt tillegg som er ei god avveksling. Sett at du aksepterer Disney-figurane i 3D-animasjon.