Hopp til hovedinnhold
Plakat for Min misunnelige frisør (2004)

Min misunnelige frisør

Film
3

Samanlikna med novella av Lars Saabye Christensen er filmen lysare og meir morosam, og har skytt inn fleire positive ting.

Eg kan hugse novella som ein veldig spesiell sak, som så mykje av det Lars Saabye Christensen skriv. Men eg kjem ikkje så tett på personane i denne filmen. Eit par plassar kjem likevel det uhyggelege med frisøren Frank fram gjennom Bjørn Sundquist. Om eg hadde lagt merke til dette viss eg ikkje hadde novella som bakgrunn frå tidlegare tvilar eg litt på.

Bjørn Sundquist får endå meir ros av Pål Frostad på Filmkikk (filmkikk.no), som meiner innlevinga hans gjer Frank både morosam og minneverdig. Han finn dessutan varme i den vesle historia. Eg sit att med ei meir blanda kjensle. Filmen er lysare enn novella, men avstanden til personane gjer at eg saknar noko av det urovekkande, også når Bjørn Sundquist får fram ei mørkare side ved frisøren.

Norsk film er ein luksus eg sjeldan unner meg sjølv, og har eit dårleg samanlikningsgrunnlag innan. Det er difor mange titlar eg har tilgode å sjå, neste i rekka blir Hawaii, Oslo.