- Filmdagbok

Minari

Ein koreansk familie flyttar frå California til ein gard i Arkansas. Mannen har lyst å prøve seg på gardsdrift. Kona er ikkje spesielt innstilt. Filmen viser situasjonen deira over ein periode på nokre månader.

Utfordringar dei støyter på. Ein son med hjartefeil. Og ei mormor på besøk. Det er ein film som er prega av alvor, men likevel ikkje er for tung. Små humoristiske grep hjelp på. Men filmen tek aldri av, og blir flat i lengda. Og akkurat når eg blei interessert, så er filmen slutt.