Hopp til hovedinnhold
Plakat for Minari (2021)

Minari

Film
3

Ein koreansk familie flyttar frå California til ein gard i Arkansas. Mannen har lyst å prøve seg på gardsdrift. Kona er ikkje spesielt innstilt. Filmen viser situasjonen deira over ein periode på nokre månader.

Utfordringar dei støyter på. Ein son med hjartefeil. Og ei mormor på besøk. Det er ein film som er prega av alvor, men likevel ikkje er for tung. Små humoristiske grep hjelp på. Men filmen tek aldri av, og blir flat i lengda. Og akkurat når eg blei interessert, så er filmen slutt.

Sean P. Means på The Movie Cricket (moviecricket.net) får meir ut av dei små observasjonane enn eg gjer. Han rosar detaljane i kvardagen og skodespelet til paret som prøver å halde saman gjennom motgangen. Det er lett å sjå kva han verdset, men for meg treng denne lågmælte familieskildringa meir utvikling før ho blir verkeleg engasjerande.