
Minority Report
Med mannen som seinare har blitt sektmedlem og framstilt som galen, Tom Cruise. Basert på ei bok av mannen som også har gitt oss historier som har ført til Total Recall og Screamers, Philip K. Dick. Og regissert av mannen bak Jurassic Park, Steven Spielberg.
Minority Report er filmen om politimannen John Anderton (Tom Cruise) som jobbar i ei avdeling som tar seg av forbrytarar av mord som ikkje har skjedd enda.
Ein dag dukkar han sjølv opp på skjermen som mordar, og kan sjølvsagt ikkje tru det han ser. Han rømmer sin veg før kollegaene får snusen i saka, og startar etterforskinga på kvifor han skulle finne på å drepe nokon. Slik får han snusen i noko som blir kalla minority report, som er saker der tre menneske med spesielle evner forutser mord for politiavdelinga har vore ueinige, og som kan vere med på å reinvaske han.
I beste Philip K. Dick-ånd er dette eit science fiction der handlinga går for seg nokon år inn i framtida. Med Steven Spielberg og Tom Cruise om bord er det også eit svært påkosta prosjekt med mange spesialeffektar. Heldigvis er historia så interessant at effektane blir hjelpemiddel for å fortelje han heller enn berre pynt. Alt i alt ein godt gjennomført film.
Balansen mellom verdsbygging, mysterium og action får mykje ros på The Flick Chick (flickchickcanada.blogspot.com). Skribenten meiner filmen verkar å vere i rørsle også når han stoppar for å forklare framtidssamfunnet. Det utdjupar kvifor effektane fungerer som meir enn pynt for meg. Dei viser ei verd som både ser spennande ut og skaper nye problem for hovudpersonen, slik at det visuelle blir ein del av historia eg vil finne ut av.
