Hopp til hovedinnhold
Plakat for Miracle (2004)

Miracle

Film
4

Sportsfilm frå Disney om ein ischockeytrenar som får utfordringa med å gjere det amerikanske OL-laget til medaljekandidat. For å nå dit vil ha prøve ut noko nytt, og motstanden er stor. Men sidan dette er ein sportsfilm frå Disney, så blir et ikkje gitt opp. Det å stå for si overtyding trass i press frå andre om å gi seg kan og blir her til ein engasjerande og positiv film. Då gjer det ikkje noko at Miracle er litt føreseieleg.

Nick Rogers på Midwest Film Journal (midwestfilmjournal.com) meiner detaljane og Kurt Russell sitt skodespel held spenninga oppe sjølv når utfallet er kjent. Han rosar særleg korleis trenaren sine motiv og uro gir historia liv. Det passar med mi oppleving av ein føreseieleg, men engasjerande film. Det viktigaste blir ikkje om laget lukkast, men kva som krevst for å få det dit.