
Miracle at Midnight
Film
3
Miracle at Midnight er ein TV-film frå Disneys antologiserie Wonderful World of Disney. Han har preget til ein TV-film frå den perioden, men er uansett ein film med ei god historie. Nokre kjende namn hjelper på opplevinga, og gir meg nokre knaggar å henge filmen på. Filmen har eit alvorleg tema, som han ikkje evnar å skape stemning rundt. Men med justerte forventingar så fungerer han fint.
Scott Pierce på Deseret News (deseret.com) meiner filmen av og til blir belærande, men rosar at han gir plass til nyansar mellom heltane og skurkane. Han er meir begeistra enn eg er. Eg ser verdien i historia, men saknar framleis ei stemning som gir alvoret større tyngd.
