Paul Sheldon er ein forfattar med suksess. Han er kjent for ein serie som på godt norsk kan bli kalla kiosklitteratur, sjølv om det er eit ladd omgrep eg ikkje ser noko negativt med.
På veg heim frå eksil i eit avsidesliggande fjellhotell, brygger det opp til storm, og han køyrer av vegen. Han vaknar to dagar seinare i senga til ein framand person, med brekte bein.
Den hyggelege personen som har redda han frå ein frosen død, viser seg å vere han nummer ein fan. Ho steller godt med han, før ho gradvis avdekker ein forstyrra personlegdom.
Misery er ei vellykka Stephen King-filmatisering. Kathy Bates og James Caan gjer begge gode jobbar, og Rob Reiner har styrt dette med stødig hand. Misery vippar mellom å vere ein mørk komedie og ein krimthriller, og har ikkje rom for store feiltrinn. Litt for mykje i komisk retning og Misery ville ha hamna i lag med aldri for mange Stephen King-adapsjonar lenger nede på lista.
Ein annan ting eg set pris på er dette som ei kompakt og avgrensa historie. Når det går hand i hand med godt skodespel får du ein velfungerande karakterdriven film.