Ein FBI-agent må gå under eit dekke i skjønnheitkonkurransen Miss United States for å hindre ei terroristgruppe frå å sprenge ei bombe under konkurransen.
Agenten er Gracie Hart, spelt av Sandra Bullock. Ho gjer ei bra rolle. Filmen er for det meste morosam, det er mindre action enn ei bombehistorie skulle tilseie.
Sandra Bullock passar ofte godt i tøffare og halvveges maskuline roller som på ukomfortabelt vis må tre inn i meir feminine posisjonar i filmane.
Det er ikkje blant dei beste filmane som er laga, men han er god nok til å bli sett ein gang. Verken bortkasta tid eller spesielt anbefalt blir konklusjonen min.