
Miss March
Etter å ha tråla gjennom forslaga som Itunes har gitt meg når eg besøker sidene til filmar eg likar i Itunes Store, slår det meg at grensa mellom kva filmar eg likar og kva som er søppel er tynn. Det er då først og fremst snakk om komediesjangeren og den amerikanske butikken, som tilbyr utleige og kjøp av filmar.
Etter å ha tråla gjennom butikken eit par gonger til, vippar eg over mot at Itunes gir blaffen i kva samanheng det er mellom filmar, så lenge dei ligg i kategorien komedie. Eller at dei er sortert etter utforminga av plakaten.
Vanlegvis er det lett å styre unna det verste. Etter å ha sett min del film veit eg kva eg skal sjå etter for å finne noko betre. Utveljinga startar gjerne med plakaten eller eit par sekund av ein filmtrailer. No skal det òg seiast at eg gir mange filmane ein rettferdig sjanse, som har ført til eit par bortkasta timar i løpet av dei seinare åra.
Poenget mitt er, for i dette innlegget er poenget viktigare enn filmen eg skal komme til, at i blant så vil forsvarsverket rakne. I går kveld hadde eg desperat lyst til å sjå ein komedie. Eg hadde ingen liggande og ville ikkje bruke altfor lang tid på å finne noko. Då blei eg villeidd av ein tittel iTunes anbefalte meg.
Ein tittel som Itunes har anbefalt meg sidan første dag eg tok butikken i bruk, og som eg har styrt unna tidlegare, men som i går tok meg med grepet til tradisjonell marknadsføring gjennom gjentekne påminningar om eit produkt. Eit produkt eg eigentleg ikkje har bruk for, men når eg stod der denne dagen og skulle velje, så tok eg det som verka kjent. Fordi det var så lett.
Miss March er filmen eg skal fram til. Trur du ikkje på noko av det eg har skrive over, har eg tenkt ut ei anna forklaring på kvifor eg såg filmen. Assosiasjonar til Playboy, ordet Unrated bak tittelen og ei halvnaken kvinne. Dette er det einaste filmen kan skilte med som korrekt av kva han påstår å vere, for han oppfyller få av krava til å bli ein kjekk film, men er heller som altfor mange middelmåtige komediar. Eg får to morosame scener. Resten er eit godt alternativ til ein app som skal hjelpe meg å sove.
Miss March er dårleg på mange område. Det som stoppar meg frå å slakte filmen er i hovudsak dei morosame scenene, som viss eg tenker meg om ein gong til, var meir enn to. Det var nokon stader eg blei sittande og le lenge etter scena var ferdig, det må bli nemnt.
Nokre få treff reddar heller ikkje filmen i omtalen på Bob and Justin’s Mad Movie Blog (bobandjustin.blogspot.com). Skribenten finn enkelte morosame innslag, men meiner det meste bygger på utslitne idear og gjer for lite med dei. Det liknar balansen eg sit att med. Eg kan le godt av ei scene og likevel kjenne at resten av filmen blir svært lang ventetid på den neste.
Når filmen nærma seg slutten og eg var sovna, så vil eg best skildre han som ei brødskive loff med syltetøy nok til ein einaste bit. Når du nærmar deg ferdig med brødskiva er sukkernivået i kroppen din så lågt igjen at du kjenner deg meir sliten enn når du starta.
