
Mission: Impossible III
Med nyheitene om at Tom Cruise og Paula Wagner har starta opp igjen United Artists i tankane sette eg med ned for å sjå den tredje filmen i Mission: Impossible-serien. Regissert av mannen bak Lost, J.J. Abrams, er Mission: Impossible III ein betre film enn forgjengaren i mine auger.
Tom Cruise er 44 år, men klarar seg utmerka i rolla som Ethan Hunt. Hunt, som er nygift og lev eit normalt liv på overflata blir i denne filmen kalla inn igjen i feltteneste for å redde ein agent som er fanga. Med utgangspunkt i dette blir han drege inn i ei mykje større sak.
Dette er ein god actionfilm, og har meir enn eit par kjente namn på lista. Han er jamnt over ein spennande og godt produsert Tom Cruise- og Paula Wagner-produksjon, og lyden på DVD-utgjevinga er noko av det beste eg har høyrt. Lyden er skarp og tydeleg, med god bass.
Ron Buckmire på The Mad Professah Lectures (buckmire.blogspot.com) meiner mindre tid til lange planforklaringar gjer denne oppfølgaren strammare. Han trekker også fram kjenslene og inntrykket av at noko faktisk står på spel. Det er ein interessant måte å utdjupe framgangen frå førre film på. Eg synest dette er god og spennande action, og her får dei store nummera følge av ei historie som held betre saman.
