Hopp til hovedinnhold
Plakat for Mission: Impossible - The Final Reckoning (2025)

Mission: Impossible - The Final Reckoning

Film
3

Mission: Impossible – The Final Reckoning er den åttande og foreløpig siste filmen i Mission: Impossible-serien. Historia held fram der Mission: Impossible - Dead Reckoning Part One slutta. Dei leitar etter den farlige kunstige intelligensen kjend som the Entity.

Filmen varer i to timar og 49 minuttar. Det er lenger enn den førre filmen, som var for lang. Det er denne òg.

Det durar og går. Det er som i første del, men eg fekk kanskje nok då, sidan den filmen var så lang. Når eg har sett nærare tre timar med jakt på kunstig intelligens, leiekøyrarar og imponerande stunt, er det ikkej slik at eg vil ha tre timar til med det første. Filmen er ikkje dårleg, men det er litt oppbrukt.

Opplegget er kjent. Ethan Hunt (Tom Cruise) og teamet er framleis på jakt etter the Entity, framleis i trøbbel med styresmakter, framleis omgjeven av farar frå alle kantar. Det er action overalt. Det er dramatikk overalt. Det er alt eg ventar meg av ein Mission: Impossible-film.

Undervasssekvensen på 20 minuttar med ubåt er trekt fram som noko av det mest originale i serien. Han har tydelege kvalitetar. Men ein sekvens er ikkje det same som at heile filmen er god.

Undervasscena og flystunta blir høgdepunkt for Keith Garlington på Keith & the Movies (keithandthemovies.com) òg. Men han meiner at resten av filmen bygger så godt opp mot dei store sekvensane at nær tre timar går fort. Der opplever me det ulikt. Eg kan bli imponert over eit stunt utan at det gjer meg klar for endå meir av den same jakta.

Kanskje er det slik at franchisen har nådd ei grense. Eller bør tone seg ned og blir røffare og meir realistisk igjen. Formatet har vist seg i så mange variantar at det gjentek seg sjølv. Slik blir det jo.