Mister Magoo's Christmas Carol - Filmdagbok

Mister Magoo's Christmas Carol 1962

Mister Magoo's Christmas Carol er ein av julefilmane eg har valt å sjå i år. Det er vanskeleg å unngå A Christmas Carol av Charles Dickens i ein julefilmkalender. Historia har dukka opp i så mange versjonar, med alt frå Disney-figurar til The Muppets, at eg alltid endar opp med ein ny variant rundt jul.

Handlinga er kjent nok til at eg ikkje går meir innpå det her. Den største forskjellen mellom denne og mange andre versjonar er innslaga av songar. Eit par fengande og eit par pene songar. Det er også eit poeng at Mr. Magoo har dårleg syn, og når han skal spele Ebenezer Scrooge i eit teaterstykke, så vil dette prege Scrooge-karakteren.

Eg har sett nok variantar av A Christmas Carol til å gå lei, og kan ikkje akkurat sei at denne varianten sette meg spesielt i julestemning. Men som ein time lang teiknefilm er det greit nok, fengjande nok og smått morosamt.