
Moana 2
Moana 2 held seg i Polynesia, der Moana igjen legg ut på eit eventyrl. Ho møter nye karakterar, inkludert søstera hennar og ein ny vennegjeng.
Musikk og visuelle effekter bidreg til ei god atmosfære. Det er kule animasjonar og mykje liv i bilete. Forteljinga held fram og brukar ting frå den første filmen. Men det er mange år sidan eg såg han, og det betyr ikkje så mykje når eg ser Moana 2.
Handlinga er klassisk Disney. Med vennskap, identitet og fellesskap som står sentralt. Moana er ein sterk hovudrollefigur, med familie og allierte rundt seg.
Filmen var underhaldande. Men han verka òg litt som ein oppfølgar utan andre mål enn å eksistere. Animasjonen og humoren var god, men historia er litt vel rett fram
Det var ei fin oppleving, men han når ikkje heilt opp på nivået til den første filmen.
Lisa Dawn er langt meir begeistra på The Princess Blog (theprincessblog.org). Ho meiner dei nye reisefølga gjer historia friskare, og at Moana fungerer godt som leiar for ei gruppe etter den første reisa hennar. Ho peikar samstundes på nokre uferdige trådar rundt motstandarane. Eg likar òg livet og humoren desse figurane tilfører, men for meg veg ikkje det heilt opp for ei historie som kjennest for enkel.
