Mockingbird Lane - Filmdagbok

Mockingbird Lane 2012

Med serien Hannibal er serieskapar Bryan Fuller igjen aktuell våren 2013. Mannen har også laga Dead Like Me, Wonderfalls og Pushing Daisies og er ein personleg favoritt.

Mockingbird Lane er pilotepisoden til ein serie som aldri blei plukka opp av NBC. Det er ei nytolking av The Munsters og har fleire likskapar med The Addams Family.

Serien er fin visuelt og er akkurat passe rar til å bli interessant. Men episoden åleine klarar ikkje fange interessa mi. Det er vanskeleg å sjå kva veg dette vil gå, og det er få av raritetane som gjer inntrykk.