
Modern Problems
Modern Problems med Chevy Chase og Patti D'Arbanville har ein morosam idé, men gjer lite ut av han. Det hindrar ikkje filmen frå å ha hysteriske augneblinkar, men den totale opplevinga blir det så som så med.
Max Fielder (Chevy Chase) kjem i kontakt med radioaktivt avfall og får telekinesiske evner. Desse nyttar han til å vinne eks-dama tilbake og til å ta hemn mot andre. Enkelt nok, men det kan fungere. Viss det blir brukt rett nok, for det skjer knapt noko i heile filmen, før mot slutten. I tillegg blir voodoo og overtru blanda inn i ei spesiell blanding som utgjer slutten av filmen.
Det er to ting i filmen som får meg til å le. Det eine er grimasane til Chevy Chase når han utfører telekinesen. Det andre heng i lag med det første og er mens Chevy Chase står på kjøkenet og har telekinsesex med dama i andre enden av rommet. Grimasane hans er useielege.
Det største problemet til filmen er altså at det ikkje skjer noko. Det morosame som hittil er nemnt og gleda i å oppleve enkle spesialeffektar frå tidleg 1980-tal veg opp, og gjer at filmen blir ei oppleving midt på treet.
Grimasane til Chevy Chase er heller ikkje nok for skribenten på Cinema Monolith (cinemamonolith.wordpress.com). Han finn filmen rotete og lite morosam, og meiner dei beste innslaga kjem frå Mary Kay Place og Patti D’Arbanville. Eg har meir glede av dei enkle effektane og dei få verkeleg artige augneblinkane. Men også for meg blir det for lite å bygge ein heil komedie på.
