
Modo Avião
Modo Avião er ein brasiliansk romantisk komedie om ei ung kvinne som blir sendt til bestefaren sin på landet, etter at ho har krasja bilen som følger av å ha brukt mobilen medan ho køyrte. Det er foreldrene som lurer ho til å tru at eksilet, som elles også er mobilfritt, er ei pålagt straff.
Larissa Manoela, som spelar hovudrolla, er visst mest kjent for ei rolle i ein såpeserie. I denne rolla er ho ein karikatur eller ei overdriving av ei ung influenserkvinne som fort blir distrahert av mobilen. Ho er ufyseleg og bryr seg berre om følgarane sine i sosiale medier.
Steget frå å leve gjennom mobilen til å vere utan mobilen på landsbygda er stort. Og komisk for oss. Ho er desperat etter å få ein mobil i handa. I tillegg har ho lite peiling på praktiske ting i den verkelege verda. Det er lett komedie, men med mange hyggelege karakterar blir det ein fin film.
Produksjonen er det ingenting å utsette på. Dette ligg nærare kinofilm enn tv-film frå Hallmark. Utescenene er ute, og ikkje i studio. Lyd og bilde er av høg kvalitet. Skodespelarane er gode. Dei skal vere rare, og det er dei. Iallfall for meg som ikkje kjenner til portugisisk språk og brasiliansk oppførsel for godt.
Den tekniske gjennomføringa får òg ros frå Fernando Annunziata på Plano Crítico (planocritico.com). Han likar skodespelet, kulissene og fotoet, men meiner gjentekne mobilutbrot og ei brå endring i Ana gjer manus svakt. Eg tek lettare imot dei rare karakterane som del av komedien. Likevel er innvendinga om gjentaking relevant. Bodskapen er så enkel at filmen ikkje treng å hamre han inn.
Modo Avião har også eit poeng i botn som knyter filmen saman. Om enn eit enkelt eit. Gi slepp på mobiltelefonen og nyt augneblinkane og opplev det som skjer rundt det, framfor å formidle det.
Engelsk tittel er Airplane Mode.
