Mon oncle - Filmdagbok

Mon oncle 1958

Mon oncle er ein flott film å sjå på og lytte til, men har avgrensingar når det kjem til kor interessant han er å følge i to timar. Monsieur Hulot er det næraste me kjem ei hovudrolle, og Monsieur Hulot er synonymt med katastrofe og komedie.

Søstera til Monsieur Hulot og mannen hennar prøver å få han i jobb og dame, og inviterer han blant anna inn i det moderne huset sitt. Eit hus som med alle sine teknologiske nyvinningar blir prøvd til det ytste i nærværet til Monsieur Hulot.

Det er ikkje så veldig morosamt, og filmen framstår som i overkant lang. Humoren er mildt sagt mild, og eg lar meg heller fascinere av arbeidet som er lagt i detaljane enn noko anna i Mon oncle, eller My Uncle som den heiter på engelsk.

Mitt einaste samanlikningsgrunnlag er den noko seinare Playtime, som er endå betre gjennomført på lydsida, og større og meir imponerande i sitt modernistiske skode. Men kanskje også eit hakk meir abstrakt. Ei anbefaling dersom du er ute etter noko spesielt og fransk, men ingenting å satse på dersom du er ute etter hovudstraumskomedie.