Hopp til hovedinnhold
Plakat for Monsieur Ibrahim et les Fleurs du Coran (2003)

Monsieur Ibrahim et les Fleurs du Coran

Film
4

Min favorittsjanger, ein film som i utgangspunktet er eit koseleg drama. Sett litt tilbake i tid, med fin musikk og ei enkel, avslappande historie. Om jenter og om livet.

Den beste delen av filmen er starten, før dei hentar bilen og legg ut på reisa mot Tyrkia. Sant og seiast så likte eg slutten dårleg. Eg hadde føretrekt om Momo hadde blitt med heim igjen, og møtt Myriam. Men den gong ei, det får gå for denne gang, filmen var elles god.

Roger Ebert på RogerEbert.com (rogerebert.com) meiner òg dei beste scenene kjem medan personane blir kjende med kvarandre. Han opplever reisa mot slutten som meir eventyr og melodrama, men godtek det lettare enn eg gjer. Det presiserer ganske fint kvar filmen mistar noko for meg. Eg likar roen og nærleiken i starten, og ville heller blitt verande i den kvardagslege verda enn å få kjenslene samla i ei større avslutning.

Filmen heiter Mr. Ibrahim and the Blossoms of the Koran på engelsk.