Pixar leverer mykje bra. Monsters, Inc. er god, men ikkje den beste av deira animasjonsfilmar.
Det er ein leikande film, som byggjer på den sprø ideen om at energikjelda til ein by kjem frå å skremme barn. Byen er Monstropolis, og ligg i ein annan dimensjon.
Våre monstervenner kryssar over til vår dimensjon for å gjere sitt daglege arbeid for kraftselskapet Monsters, Inc. Dei framstår då som grufulle, men er hyggelege skapningar utanfor arbeidstida.
Problemet som blir den sentrale handlinga i filmen er når ein toåring følger monstera tilbake til deira dimensjon.
Det er mange morosame vendingar og idear i denne filmen. Trass i eit fargerikt ytre er historia likevel noko tynn, og klarar ikkje halde drivet oppe heile tida.