
Monty Python and the Holy Grail
Ein sær film som aldri var nær å nå opp til dei forventingane eg har skapt gjennom åra.
Monty Python and the Holy Grail er innimellom morosam, men det er ikkje mine type humor. Det blir ikkje nok til å bli ein av mine favorittar innan komediesjangeren, slik filmen er blant mange andre folk sine favorittar.
Det er fordi flesteparten av vitsane ikkje treff meg. Det har ikkje nødvendigvis med innhaldet å gjere, det kan godt hende det var formidlingsmetoden som ikkje traff.
For Daniel Mumby på Mumby at the Movies (mumbyatthemovies.blogspot.com) er nettopp timinga og blandinga av verbal og visuell humor grunnen til at filmen fortener ryktet sitt. Han meiner den frie forma frå TV-serien fungerer godt i eit lengre eventyr. Eg kjem ikkje fram til same resultat. Når så mange av vitsane ikkje treff, hjelper det lite kor oppfinnsam konstruksjonen er, og gleda mi over Monty Python's Flying Circus blir ikkje automatisk med over.
Når det gjeld Monty Python likar eg likevel Monty Python's Flying Circus, så det varierer innanfor rekkene.
