
Moon
Førpremiere av Moon på Trondheim Filmklubb, som kanskje dukka opp i Noreg etter nyttår. Ein science fiction-thriller sett til månen, med Sam Rockwell i hovudrolla som vedlikehaldsarbeidar av gruveoperasjonen som ein månebase er bygd opp for å drifte.
Moon er like mykje ein thriller for alle som ein film som frir til fans av science fiction. Han lykkast på alle område og det endar i ei ganske komplett kinooppleving. Han er underhaldande, pirrar nysgjerrigheita, set fart i dei små grå både under og etter filmen. Han er spennande og lykkast med ein liten dose humor. Duncan Jones lykkast godt med ein knallsterk debutfilm.
Eg er meir overtydd om heilskapen enn Fred Ut, Sønn (fredut.wordpress.com). Han rosar den smarte, velspelte og tidvis poetiske filmen, men meiner forteljinga etter kvart blir litt for ryddig til å få verkeleg stor tyngd. For meg er det nettopp ei glede at Duncan Jones klarer å samle spenning, idear og ei lita dose humor så godt. Spørsmåla held fram med å arbeide etter at filmen er ferdig.
