
Moonlight Mile
Ein ung mann mistar sin trulova, og blir buande hjå foreldra hennar i tida etter gravferda. Dei tre blir som ein eigen familie, men samhaldet er tynt. Under overflata lurer avsløringar og motivasjonar som kan true den skjøre evna til å halde det gåande.
Moonlight Mile tar opp tema som sorg, å vere trufast, kjærleik og løgn. Filmen siktar seg til ei viss grad inn mot å vere realistisk i si grå formidling, men har nokon filmaktige lyspunkt i si romantiske historie.
Med bautaer som Dustin Hoffman og Susan Sarandon, og ein framleis ung Jake Gyllenhaal, er det lite å utsette på skodespelet. Deira einaste moglege negative sider i Moonlight Mile kunne ha blitt at deira status overskuggar rollene, men berre når eg vel å reflektere over det. Og mest Jake Gyllenhaal som ikkje ser ut til å finne seg heilt til rette i rolla. Dei andre briljerer stort sett.
Sjølve historia og drivet i Moonlight Mile er midt på treet. Det er ein film som hamnar i skuggen av så mange andre filmar om sorg og kjærleik. Ergo er han ikkje dårleg i seg sjølv, men mi vurdering er at han glir forbi som noko som verken maktar å overtyde med si historie eller stikke djupt nok på det emosjonelle plan.
Skodespelarane får også meir ros enn historia av David Keyes på Cinemaphile (thecinemaphileblog.com). Han finn sterke enkeltstunder hos både Susan Sarandon og Dustin Hoffman, men meiner at filmen strekker ut sorga utan å formidle nok kjensler. Eg er mindre hard mot heilskapen, men sit att med mykje av den same avstanden. Dei gode framføringane gjer ikkje historia særleg minneverdig for meg.
