Mortal - Filmdagbok

Mortal 2020

Mortal er ein engelskspråkleg norsk film. I Noreg har han fått tittelen Torden. Det er ein action- og eventyrfilm med overnaturlege element i seg, kor handlinga er lagt til og rundt den norske byen Odda.

Ein uflidd mann som trakkar rundt i skogen opnar filmen. Han er full av brannsår, og det er noko rart ved han. Då han snart kjem inn til Odda sentrum, blir det rare ved han avslørt. Han får slik sett både politiet og etter kvart andre på nakken.

Eg tykte lenge at dette var ein noko langsam og litt kjedeleg film. Og når filmen etter kvart byrja å ta seg opp er eg dessverre ikkje for interessert meir. Likevel sette eg pris på ideane som filmen formidlar, og måten han kombinerer desse med flukt og menneskejakt på. Mykje av filmen handlar om gradvis å få augo opp for kva som skjer, så eventuelle avsløringar får du ikkje servert her. Sjølv om eg ikkje vil rå deg å sjå filmen.

Det skal seiast om filmen at han trass i eit kjedsamt tempo aldri stoppar med å ta handlinga framover. At det tekniske som er på grunn av produksjonen sviktar, slik som klypping som fører til rytme og meining, er synd. Men eg tenker likevel at filmen i grove trekk er inne på noko. Uoppfylt potensiale betyr ikkje ein god film, men historia i seg sjølv har interessante deler.

Mortal er ein film eg skulle ønske var betre. Det skal han ha. Ofte så får det gå som det går med dårlege filmar, men dette kunne ha blitt noko altså.