Hopp til hovedinnhold
Plakat for Moulin Rouge! (2001)

Moulin Rouge!

Film
3

Nicole Kidman og Ewan McGregor dansar og syng i denne Baz Luhrmann-regisserte musikkbomba frå 2001.

Det er ingen stor sak, men det ser pent ut. Det som senkar dette frå å vere ei god greie er musikken, det er kjedelege bidrag som verkar som hinder i ein elles kurant romantisk film.

Musikken her skulle, med sin artige vri, ha vore ei god greie. Men dette endar maks opp med å bli ei litt dryg sak med potensiale.

Byron T på In Theory (intheoryblog.blogspot.com) opplever nettopp blandinga av gamle uttrykk og moderne popsongar som ein styrke. Han meiner attkjenninga av songane hjelper publikum inn i den fantasifulle verda. Det er ein interessant motreaksjon til mi eiga. Eg skjønar ideen, men når songane ikkje engasjerer meg, blir dei heller avbrot i romantikken enn ei forsterking av han.