
Mozart and the Whale
Den norske regissøren Petter Næss står bak nokon gode filmar. Den amerikanske komedien Mozart and the Whale er ikkje blant desse.
I grunn er dette ein romantisk komedie, kor to autistar blir forelska, men har personlegdommar som ikkje gjer det sunt for desse to å innleie eit forhold. Noko dei uansett gjer.
Sjølv om karakterane ærleg talt gjer meg noko ukomfortabel, er det største minuset til filmen at han ikkje er morosam. Han er langdryg og kjennest rett og slett ut som ein grå klump.
Blant skodespelarane likar eg kva Radha Mitchell gjer ut av sin karakter, mens Josh Hartnett er flau å sjå på. Til samanlikning er det mykje artigare å sjå Per Christian Ellefsen i den Petter Næss-regisserte Elling.
Karakterane er langt meir overtydande for skribenten på Hanime on Anime (hanimeonanimeofficial.wordpress.com). Omtalen finn forholdet rørande og personane truverdige, men meiner at utviklinga går for fort og at tidslinja er uklar. Eg blir mindre engasjert i romantikken, og får heller ikkje den humoren eg håpar på. Radha Mitchell er eit lyspunkt, men kan ikkje åleine gjere den langdryge heilskapen fornøyeleg.
