Hopp til hovedinnhold
Plakat for Mr. Nobody (2009)

Mr. Nobody

Film
2

I Mr. Nobody ser ein 118 år gammal mann tilbake på livet sitt som det var, og korleis ulike val gjorde at livet hans blei fleire og ulike. Enkelt forklart er dette ein science fiction om tid på ein alternativ måte.

I hovudtrekk er det tre tidslinjer som blir fortalt, i kvar av desse har hovudrolla Nemo ein ulik kjærleik. Frå ung til vaksen alder, til eldgammal, filmen hoppar så det held og innimellom til tenkte eller oppdikta historier i filmen. Det blir ikkje uoversiktleg, men utfordrar filmen.

Forutan alt som har med tid og science fiction å gjere, som stort sett er ramma til filmen, så er dette mest kjærleiksdrama. Nokon flotte historier her og der, men totalt sett må eg sei at eg kjeda meg ein god del. Det blir for lite om enkeltdelene fordi det er så mange av dei. Eg blir aldri involvert nok i verken tragediane eller lykka, men får på det meste smakebitar på dette.

Derek Armstrong på The Audient (theaudient.blogspot.com) finn nettopp ein samanheng mellom dei mange moglege liva. Han meiner dei ulike versjonane gir eit rikt bilete av eitt menneske, og rosar kor flytande filmen bind dei saman. Eg ser ambisjonen, men får ikkje den same kjenslemessige heilskapen. For meg kjem nye moglegheiter i vegen før dei enkelte historiene har fått nok plass til å bety særleg mykje.

Ideen om tid er også svevande og passe uinteressant. Dette er ei rein smakssak. Tid kan vere interessant, men her er det mykje rundt det som bryt ned tankar om realitet, og eg bryr meg fint lite. Totalt sett er ikkje opplevinga av Mr. Nobody god nok.