
Mrs. Miniver
Mrs. Miniver kom ut i 1942, og det gjorde noko med korleis eg opplevde filmen. William Wyler spela han inn medan krigen framleis sto på. Familien Miniver opplever livet i England dei første månadene av andre verdskrig. Filmen vekslar mellom det lette og det alvorlege. Eine augneblinken handlar det om ein ny sportsbil eller ein dyr hatt, og det neste om evakueringa frå Dunkirk.
Mrs. Miniver er ei britisk kone og mor som held familien saman gjennom krigshandlingane. Scena der ho møter ein nedskoten tysk pilot i eigen hage og klarer å avvæpne han når han kollapsar er eit godt døme på korleis filmen handterer dramatikken utan å overdrive.
Ein ting filmen stadig peilar seg inn på er at ein mann har laga ei rose oppkalla etter Mrs. Miniver. Historia om den lokale roseutstillinga går parallelt med krigshandlingane. Det er ein underleg detalj, men det slike små ting som viser korleis folk prøver å halde på ein slags normalitet gjer inntrykk. Filmen er verken brutal eller falsk optimistisk.
Filmen er laga for å syne kvifor det lønner seg å kjempe, og det gjer han ved å vise vanlege menneske som held ut. Det kan vere vanskeleg å vurdere ein film som dette utan å tenke på samanhengen han blei laga i. Er det god propaganda eller god film? Begge delar trur eg. Han spelar på kjensler som dei fleste filmar gjer, men gjer det på ein måte som framleis kjennest menneskeleg.
Det er ikkje berre eg som sit med denne dobbelte opplevinga. Hunter på The Soul of the Plot (thesouloftheplot.wordpress.com) meiner propagandabodskapen er svært tydeleg, men at filmen likevel skaper ekte kjensler. Dei vanlege bekymringane i familien gjer det lett å førestille seg sjølv i situasjonen deira. Omtalen set ord på kvifor eg kan sjå kva filmen prøver å oppnå og samstundes bli rørt av han.
