Hopp til hovedinnhold
Plakat for Much Ado About Nothing (1993)

Much Ado About Nothing

Film
4

Emma Thompson er herleg i denne William Shakespeare-adapsjonen av Kenneth Branagh, det er forresten Kenneth Branagh òg. Som tittelen seier, det er stor ståhei for ingenting, det handlar om eit par forhold og eit hav av løgner. Mykje snakking krev gode prestasjonar av skodespelarane, og dei leverer.

Handlinga er ikkje spesielt innfløkt, men humoren er vittig og språket er rikt. Og det er gøy å sjå kor langt folk her er villige til å gå for og stadfesta poenga sine og føre andre bak lyset. At stemninga er lett og tonen lys lettar på periodestykket, som elles kunne blitt tyngre fordøyeleg.

Språket treng ikkje å gjere filmen stiv. Benn Farrell på Benn Farrell’s Movie Blog (wheresthehumanity.wordpress.com) rosar måten Kenneth Branagh får replikkane til å verke levande og tilgjengelege på, med mykje komikk frå han sjølv og Emma Thompson. Det ligg nær det eg likar her. Dei gode prestasjonane gjer at me kan glede oss over ordskiftet og løgnene utan at periodestykket blir ei pliktøving.